Søndag 1. mars kl. 18.00 • Nøtterøy kulturhus
I samarbeid med Nøtterøy kulturhus
Landet bortanfor landet – Eit politisk og akutt viktig verk av Frode Grytten og Morten Qvenild
Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satellittar, dronar. Det er ein hemmeleg krig, klassifisert og usynleg, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll.
Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg, som del av eit vanleg plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet.
Verket ”Landet bortanfor landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga og viser korleis krig i dag er blitt ei usynleg verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre eller militariseringa av himmelrommet eller dei enorme militærbudsjetta.
Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.
Område 51, eller Area 51, er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte dronar. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.
Musikken vart først framført som eit tingingsverk på Energimølla og Kongsberg Jazzfestival. Musikken kom ut på ein dobbel vinyl hausten 2019, og samstundes vart tekstane sleppte i bokform på Forlaget Oktober.
Medverkande er:
Frode Grytten – tekst og vokal
Morten Qvenild – musikk og vokal
Ivar Grydeland – gitarar, banjo og pedal steel
Stig Gunnar Ringen – lyd
Kyrre Heldal Karlsen – lys og video
BILLETTER KR 300
URIJAZZ-MEDLEM KR 250
STUDENT 200